Idémyldre saman og skriv stikkord om utsjånad og eigenskapar. Kva for assosiasjonar får de når de høyrer desse orda:
bestemor
dronning
ein baby
Madonna
Oskeladden
Mål med aktiviteten: Du skal vite korleis du kan skildre ein hovudperson.
Runde 1: Les eller lytt til diktet «Aleine» av Eva Jensen.
Du må ha javascript og Flash for å sjå dette innhaldet
Aleine
Dette friminuttet er eg aleine i. Det er så urolig inni meg. Ingen å vere i lag med! Eg går rundt omkring og prøver å late som om det ikkje gjer noko.
Eva Jensen
Runde 2: Sjå for dykk personen i diktet.
Er det ein gut eller ei jente?
Kor gammal er personen?
Korleis ser personen ut?
Kva har personen på seg?
Runde 3: Gi personen i diktet eit namn.
Runde 4: Korleis trur de denne personen er? Bruk fantasien og beskriv hovudpersonen i diktet.
Namn: … Ønskjer … Tenkjer … Er redd for … Liker … Får ikkje til å … Er flink til å …
Runde 5: Skriv ei personskildring. Bruk notata til å skrive ein samanhengande tekst der de skildrar personen frå diktet «Aleine». Pass på at de ikkje berre ramsar opp ulike eigenskapar. Prøv å skildre hovudpersonen slik at lesaren blir litt kjend med han eller henne. Bruk namnet på personen som overskrift.