Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  2. Miljøskildring

2. Miljøskildring


Oppvarming:


Klikk for større bilete











  • Studer biletet. Biletet finn du også i God i ord. Tekstsamling 6, side 175.
  • Vel ein av personane på biletet.
  • Tenk deg at du er denne personen – kva ser du, høyrer du, luktar du, føler du? Fortel for kvarandre.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne lage miljøskildringar.

Når du lagar miljøskildringar, seier du noko om staden og tida der forteljinga går føre seg, og får fram ei stemning slik at dei som les forteljinga, kan leve seg inn i henne.


Vel om de skal ta notat undervegs eller berre gjere alt munnleg.

Runde 1: Kva skjer i forteljinga?
Trekk eit konfliktkort for å få ein idé om kva forteljinga skal handle om.
Kort: Klikk for å trekkje


Runde 2: Kvar og når går forteljinga føre seg?
  • Diskuter og bli einige om: Kvar skjer dette: ein namngitt stad – by – land – jorda …?
  • Når skjer dette: fortid – notid – framtid – ubestemmeleg tid – natt – dag – sommar – vinter …?
  • Korleis er omgivnadene: fantastiske – realistiske – gjenkjennelege – framande …?

Runde 3: Korleis er stemninga i forteljinga?
Kast to terningar for å avgjere korleis stemninga i forteljinga skal vere:
Terningar: Klikk for å kaste


Runde 4: Samle opplysningane.
Summer opp det du veit om forteljinga så langt, for eksempel:
  • Denne forteljinga skal handle om at nokon har gjort noko gale og blir forfølgde og skal straffast.
  • Handlinga skal vere lagd til notida i New York.
  • Omgivnadene skal vere gjenkjennelege.
  • Stemninga er travel.
Gjenta øvinga fleire gonger.