Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  5. Samanlikningar

5. Samanlikningar


Oppvarming:
  • Les eller lytt til diktet «Norske tyngdelover» av Lars Saabye Christensen.
    Media
 
Mål med aktiviteten: Du skal øve på å lage samanlikningar og metaforar.

Du kan bruke andre ord enn som når du samanliknar, for eksempel liknar på, lik, slik som, nesten som, som om. Samanlikningar utan samanlikningsord kallar vi metaforar, for eksempel er «han liknar på eit troll» ei samanlikning, mens «han er eit troll» er ein metafor.


Runde 1: Faste dyreuttrykk. Plasser orda på rett stad. Lag lenkje til utfyllingsoppgåva under oppgåver!

Runde 2: Diskuter og lag forslag til nye dyreuttrykk. Vel om de skal skrive eller berre gjere alt munnleg.
… som ein sebra, … som ein brilleslange, … som ei rotte, … som eit ekorn, … som ein sjiraff, … som ein kakerlakk, … som ein krabbe, … som ein isbjørn, … som eit dovendyr, … som …

Runde 3: Diskuter korleis dei faste uttrykka er. Plasser orda på rett stad. Vel om de skal skrive.
Lag lenkje til utfyllingsoppgåva under oppgåver!

Runde 4: Finn på og skriv nye samanlikningar:
Du er som __________
Skulen liknar __________
Livet liknar på __________

Runde 5: Gjer samanlikningane om til metaforar:
Du er __________
Skulen er __________
Livet er __________