Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  4. Gjentaking

4. Gjentaking


Oppvarming:
  • Les eller lytt til dikta «Godt» av Per Olav Kaldestad,
    Media
    «Den beste vennen min» av Gunnar Roalkvam
    Media
    og «Då blei det stilt» av Einar Økland.
    Media
  • Legg spesielt merke til kva for ord som blir gjentekne.
  • Lag lister over ord som blir gjentekne i dikta.
  • Diskuter kvart dikt: Kvifor blir akkurat desse orda gjentekne?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke gjentakelse som virkemiddel i et dikt.

Runde 1: Vel om de vil skrive undervegs eller berre gjere alt munnleg.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar trekkjer eit ordkort og vel eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Spelaren snur timeglaset og lagar eit dikt med to linjer. Begge linjene skal begynne med det same ordet, men linjene treng ikkje å rime.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Spel vidare til alle har trekt ordkort og laga eit dikt.
    Kort: Klikk for å trekkje

Runde 2: Vel om de vil skrive undervegs eller berre gjere alt munnleg.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar trekkjer eit ordkort og vel eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Spelaren snur timeglaset og lagar eit dikt med to linjer. Det valde ordet skal vere med i begge linjene, men det skal ikkje stå først. Linjene treng ikkje å rime.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Spel vidare til alle har trekt ordkort og laga eit dikt.
    Kort: Klikk for å trekkje

Runde 3: Skriv dikt.
  • Alle trekkjer kvart sitt ordkort og vel eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Alle skal lage eit dikt med fem linjer. Det valde ordet skal stå åleine på den første og den siste linja, men det skal ikkje vere med i dei andre linjene i diktet. Linjene treng ikkje å rime.

Runde 4: Skriv dikt.
  • Trekk eitt ordkort og vel eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Skriv eit kort dikt på tre til seks linjer der dette ordet blir gjenteke minst to gonger.

Runde 5: Skriv dikt.
  • Trekk eit ordkort og vel eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Skriv eit dikt på maks ti linjer. Ordet skal utgjere tittelen og siste linja i diktet. Det kan også gjentakast inni diktet om de vil det.


Ei bok er som ein hage du ber i lomma. Arabisk ordtak