Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  3. Bokstavrim

3. Bokstavrim


Oppvarming:
  • Lytt til diktet «Runde, rare Rulle Rusk» av André Bjerke. Legg merke til kva for ein lyd mange av orda begynner med.
    Media
 
Mål med aktiviteten: Du skal vite hva bokstavrim er, og kunne lage dikt med bokstavrim.

Runde 1: Skriv ordlister.
Lag kvar dykkar liste med ord som begynner på same bokstav. Det er om å gjere å finne flest ord. Kast ein terning for å finne ut kva for ein bokstav orda skal begynne med og snu timeglaset.
Klikk for å kaste ein terning
Timeglas: Klikk for å snu


Runde 2: Finn bokstavrim i ordlistene.
Les listene dykkar høgt. Finn ut om alle orda som begynner på same bokstav, har bokstavrim, det vil seie om dei begynner med same lyd. Stryk ord som ikkje begynner på h-lyd, g-lyd eller s-lyd.

Runde 3: Skriv dikt med bokstavrim sammen.
Bruk ord frå listene og lag eit dikt med bokstavrim saman. De kan bruke andre ord innimellom – ikkje alle orda treng å ha bokstavrim. Kvar deltakar lagar ei linje. Set saman diktet i fellesskap. Bli einige om rekkjefølgje og linjeskift og om de skal gjenta nokon ord.

Runde 4: Lag setninger med bokstavrim.
Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
Klikk for å kaste ein terning
Kast terning for å finne ut kva for ein bokstav du skal bruke i bokstavrimet:
Klikk for å kaste ein terning
Hald fram til alle har laga minst ei setning kvar.

Runde 5: Skriv eit dikt med bokstavrim.
Lag eit dikt på tre linjer. Kvar linje skal innehalde bokstavrim. Kast terning for å finne bokstaven som skal brukast til rim.
Klikk for å kaste ein terning
Lag tittel til diktet til slutt.

Runde 6: Les dikt med bokstavrim.
Les dikta frå runde 5 høgt for kvarandre.

Runde 7: Les diktene på nye måter.
Trekk framføringskort og les dikta frå runde 5.
Kort: Klikk for å trekkje