Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >   1. Enderim I

1. Enderim I


Oppvarming:

  • Trekk eit rimkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Snu timeglaset og finn flest mogeleg ord som rimar på orda på kortet.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Gjenta øvinga til de er varme.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne lage dikt med enderim.

Vel om de vil skrive undervegs eller berre gjere alt munnleg.

Runde 1: Lag dikt med to linjer og enderim.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar trekkjer eitt rimkort, snur timeglaset og lagar eit dikt med to linjer som rimar. Bruk orda på kortet eller finn på ord sjølve.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Spel vidare til alle har trekt kvart sitt kort og laga eit dikt med to linjer.

Runde 2: Lag dikt med tre linjer og enderim.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar trekkjer eitt rimkort, snur timeglaset og lagar eit dikt med tre linjer som rimar. Bruk orda på kortet eller finn på ord sjølve.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Spel vidare til alle har trekt kvart sitt kort og laga eit dikt med tre linjer.

Runde 3: Lag dikt med fire linjer og enderim.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar trekkjer to rimkort, snur timeglaset og lagar eit dikt med to og to linjer som rimar. Bruk orda på korta eller finn på ord sjølve.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Spelaren bestemmer sjølv kva for linjer som skal rime på kvarandre.
  • Spel vidare til alle har trekt kvar sine kort og laga eit dikt med fire linjer.

Runde 4: Lag eit dikt med enderim saman.
  • Alle spelarane trekkjer kvart sitt rimkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Første spelar bruker orda på sitt kort og lagar dei to første linjene til diktet.
  • Neste spelar bruker orda på sitt kort og lagar dei to neste linjene til diktet.
  • Hald fram slik til alle har laga to linjer til diktet. Siste spelar må avslutte.

Runde 4 kan de gjere fleire gonger slik at de får laga fleire dikt og alle får laga byrjing og slutt.