Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  13. Brettspelet "Diktkampen"

13. Brettspelet "Diktkampen"


Brettspel for to til seks personar eller lag.
 
Mål med spelet: Det er om å gjere å samle flest kort.

Slik speler de:
  • Plasser spelebrikkene i hjørnet ved rute A1.
  • Speleretning: følg pilene på spelebrettet.
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast terning og flytt like mange felt som terningen viser.
    Klikk for å kaste ein terning
    • Dersom feltet ikkje har noko merke, går turen over til neste spelar.
    • Dersom du hamnar på eit felt med eit av desse teikna:

      , må du følgje instruksen nedanfor.
  • Spel vidare til alle har kome til mål. Den spelaren som då har samla flest kort, har vunne diktkampen og er diktmeisteren.


Instruks for

  • Trekk eit rimkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Snu timeglaset og lag eit dikt med to linjer som rimar. Minst eitt av orda på kortet må vere med.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Dersom du ikkje klarer det, flyttar du brikka di tre felt fram.

Instruks for

  • Trekk eit ordkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Snu timeglaset og lag eit kort dikt med eitt av orda på kortet. Linjene treng ikkje å rime.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Dersom du ikkje klarer det, må du gi eitt av korta dine til neste spelar. Dersom du ikkje har nokon kort, går spelet vidare.

Instruks for

  • Utfordre førre spelar til diktkamp. De skal lage annakvar linje i eit langt dikt med enderim. Kampen er slutt dersom ein av dykk bruker eit rimord som allereie er brukt, eller ikkje klarer å dikte vidare på diktet. Slik gjer de:
    • Spelar 1: Trekk eit rimkort og lag ei linje som endar med det første ordet på rimkortet.
      Kort: Klikk for å trekkje
    • Spelar 2: Lag ei linje som endar med det andre ordet på rimkortet.
    • Spelar 1: Lag ei ny linje som også skal rime på orda på rimkortet.
    • Spelar 2: Lag ei ny linje som også skal rime på orda på rimkortet.
    • Hald fram slik til kampen er slutt. Vinnaren får ordkortet, og taparen må flytte tre felt framover.