Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  12. Nonsensdikt

12. Nonsensdikt


Oppvarming:
  • Les eller lytt til diktet «Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt» av Ragnar Hovland.
    Media
  • Diktaren har laga eit nytt språk. Idémyldre saman og finn forslag til namn på språket.

 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne leike med ord og lydar og skrive dikt med rim og rytme.

Eit anna ord for nonsens er tøys.


Runde 1: Finn rimmønster.
  • Diktet «Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt» har to strofer med til saman åtte verselinjer. Kva for linjer rimar på kvarandre?

Runde 2: Tel stavingar.
  • Kor mange stavingar er det i kvar verselinje?

Runde 3: Lag eit nonsensdikt etter same mønster.
  • Lag eigne ord og skriv eit nonsensdikt. Bruk gjerne same rimmønster og like mange stavingar i kvar linje som i diktet til Ragnar Hovland.

Runde 4: Framfør diktet.
  • Trekk framføringskort og les diktet eller dikta de skreiv sjølve, for kvarandre.
    Kort: Klikk for å trekkje