Diskuter utsegna: «Dikt er tekstar med ujamn høgremarg.»
Les diktet «Eg skulle kjent deg» av Arnt Birkedal.
Du må ha javascript og Flash for å sjå dette innhaldet
Eg skulle kjent deg
Eg skulle kjent deg frå før, lenge før, då me var fire og sat i sandkassen eller stod nakne i fjæresteinane rett opp ned.
Så hadde eg sloppe å brøyta meg fram på denne tåpelige måten.
Arnt Birkedal
Legg merke til korleis forfattaren har sett opp diktet:
Kor mange ord er det på linjene? Kva for nokre av linjene er lengst, og kva for nokre er kortast?
Kva skjer med diktet dersom de les det som ein samanhengande tekst utan linjedeling?
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke linjedeling som virkemiddel i dikt.
Linjedeling er eit verkemiddel i dikt. Dei fleste dikt har ganske korte linjer, somme gonger berre eit enkelt ord per linje. Dersom linjedelinga blir forandra, blir diktet bli heilt annleis.
Runde 1: Les teksten «Sola» av Per Olav Kaldestad:
Du må ha javascript og Flash for å sjå dette innhaldet
Sola
Eg er verdas største atombombe eksploderer gjer eg heile tida men for deg kan eg vera varm og god.
Per Olav Kaldestad
Runde 2: Korleis kan de setje teksten opp som eit dikt?
Diskuter kvar de synest det skal vere linjedeling. Skriv teksten på to forskjellige måtar.
Runde 3: Lag eit dikt med tilfeldig linjedeling.
Trekk eit ordkort for å bestemme kva diktet skal handle om. Bruk eitt eller fleire av orda på kortet.
Skriv ei eller fleire setningar, minst 25 ord.
Kast terning for å finne ut kvar de skal ha linjedeling. Kast på nytt for kvar ny linje.
Diskuter om de skal setje inn teikn eller stor bokstav nokon stader.
Lag overskrift til diktet.
Runde 4: Bruk linjedeling som verkemiddel.
Bruk diktet de laga. Endre linjedelinga slik at diktet blir endå betre.