Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Dikt  >  9. Femradar

9. Femradar


Oppvarming:
  • Studer denne diktoppskrifta:
Linje 1: eit ord, eit emne
Linje 2: to adjektiv som beskriv emnet
Linje 3: tre ord som beskriv ei handling, minst eitt verb
Linje 4: fire ord eller ei kort setning som beskriv emnet
Linje 5: gjentaking av første linje eller eit synonym til første linje
  • Kva for eit ord ville de ha skrive på første og siste linje her?

varm, enorm
gir jorda liv
herleg sommarferie, lyse dagar

 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne skrive dikt etter eit fast mønster.

Ein femradar er ein type formeldikt. Eit formeldikt er eit dikt som følgjer ei bestemt oppskrift. Andre eksempel er biodikt og sansedikt.


Runde 1: Kast to terningar for å finne emnet til ein femradar.
Terningar: Klikk for å kaste

Runde 2: Skriv ein femradar.
Følg oppskrifta.

Runde 3: Gjett gåter.
Du kan lage gåter av femradarar ved å skjule første og siste linje. Prøv å gjette gåtene til kvarandre.