Les eller lytt til dikta «Flaggermus» av Shel Silverstein
Du må ha javascript og Flash for å sjå dette innhaldet
Flaggermus
En flaggermusunge Skrek med et gys: ”Skru på mørket, jeg er redd for lys!”
Shel Silverstein
og «Engelsk» av Ragnar Hovland.
Du må ha javascript og Flash for å sjå dette innhaldet
Engelsk
Eg lærer meg engelsk berre for at eg skal seie: ”Hello, baby!” til deg når du kjem forbi på rulleskøytene dine.
Ragnar Hovland
Bruk det de kan om diktsjangeren, og samanlikn dikta.
Mål med aktiviteten: Du skal få trening i å skrive og framføre dikt.
Planlegg og skriv et dikt.
Runde 1: Avgjer om diktet skal ha rim. Kast ein terning.
Runde 2: Bestem kor langt diktet skal vere. Kast terningen ein gong til.
Runde 3: Finn ein tittel til diktet. Trekk eit ordkort og vel eitt eller fleire ord for å lage tittelen på diktet:
Runde 4: Avgjer kva for gjentakingar du skal bruke. Trekk eit ordkort og vel eitt eller fleire ord som du skal gjenta fleire gonger:
Runde 5: Skriv diktet.
Runde 6: Øv på å framføre diktet på ein måte du synest passar. Dersom du ikkje klarer å bestemme deg for korleis du vil framføre diktet, kan du trekkje eit framføringskort.